Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Finn ikkje brannårsaka

Brann Husøy etterforskning finner ikke årsak

BRANN: Verdier for 15 millioner kroner brant opp på Husøy. (ARKIVFOTO: TOR ANDRE JOHANNESSEN)


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Brannen på Husøy

SLOKNINGSARBEIDET: Brannvesenet på Karmøy satte inn store ressurser i slokkingen. (Foto: Tor Andrè Johannessen)

Granskinga av branntomta på Husøy er stoppa utan at politiet fann nokon brannårsak, og lensmannen seier det heller ikkje er mogleg å finne den.

HUSØY: - Alt er svidd opp, seier lensmann Reidar Gaupås.


Det var natt til 6. mars at den store lagerhallen og verkstaden på Husøy vart totalskadd i brann. Kriminalteknikarane i politidistriktet trur dei har lokalisert kvar brannen starta, men ser seg likevel ikkje i stand til å finne ei årsak.


Gaupås fortel at det truleg brann mellom halvanna og to timar før det vart varsla om brannen.


- Eg veit ikkje om det har noko med brannvarslingssystemet å gjera. Det vil etterforskinga vise, seier lensmannen.

Avhør


Politiet driv framleis med taktisk etterforsking av brannen. Dei samlar inn spor og driv avhør.

Politiet ville opprinneleg ha bistand frå Kripos i etterforskinga.


Gaupås trur ikkje at ei manglande brannårsak vi ha noko og sei for forsikringsutbetaling.


- Hadde vi funne ein grunn og at nokon kunne stillast til ansvar kunne det vore eit større problem, kommenterar Gaupås.


Dersom det ikkje dukkar opp nye spor i saka reknar ikkje politiet med å finne nokon brannårsak. Gaupås trur etterforskinga vil halde fram eit par veker.
 

Publisert tirsdag 16. mars 2010 kl. 12:50.
Sist oppdatert tirsdag 16. mars 2010 kl. 12:50.

Annonse

Annonse