Karmøy LokalNyheter
ØKONOMI: For Havnevesenet er det god økonomi å ha skip liggande i opplag. (ARKIVFOTO: Terje Størksen)
KARMØY: Mæland fortel at det så langt har gått to skip ut av opplag. I januar reiste containerskipet "Hansa Centurion" til Sør-Amerika og i går tok ” Dyvi Pamplona” turen til Haugesund.
- Den skal i dokk hos Aibel og vidare ut i fart etterpå, seier Mæland.
Han legg til at oppgraderinga er verdt millionar. Mellom anna skal skipet reinspylast, oppgraderast og få ny botnsmøring.
I desember venta Karmsund Havnevesen inn seks nye containarskip.
- "Hansa Riga" går truleg ut av opplag rundt 25. mars, held hamnesjefen fram.
Skipet skal først til Portugal, og så gå mellom Europa og Vest-Afrika.
- Det begynner å letta på opplagstrykket. Sju er igjen i Bøvågen, ei stund var det oppe i ti, stadfestar Mæland.
I Fosen er det fem skip i opplag.
Mæland forklarar at det er god økonomi for det lokale næringslivet når skipa går ut. Då skal alt frå proviant til sertifisering på plass.
Grunna forretningsavtalar vil ikkje Mæland sei nøyaktig kva Havnevesenet tener på dette, men røpar at dei tener mellom 40.000 og 50.000 kroner i månaden per skip. Dette har dei mellom anna nytta til å oppgradera straumsystemet i Fosen og Bøvågen.
At fleire skip no går ut av opplag kan tyda på at finanskrisa går mot ein ende.
- Eg føler at det verste negative trykket i ein del av skipsfarta er over, forklarar Mæland.
Mellom anna gjeld dette bilskip og mindre containerskip, medan hamnesjefen framleis ser problem for dei større containerskipa. Dei siste månadane har og ratane gått betydeleg opp.
Publisert tirsdag 09. mars 2010 kl. 14:05.
Sist oppdatert tirsdag 09. mars 2010 kl. 14:05.